Live Håberg- USN
Mange grunnar til å lese
Å lese bøker i barnehagen er ei rik kjelde til inspirasjon, glede og aktivitetar. Lesing er ein særleg språkstimulerande aktivitet, noko som i seg sjølv er god grunn til å oppmuntre til leseaktiviterar med barn i alle aldrar. Samstundes rører litteraturen også ved fleire grunnleggande område i menneskelivet. Dette er anerkjent i rammeplanen, der vi kan knytte leseaktivitetar og litteratur til både språkstimulering, kultur og mangfald og livsmeistring og helse.
Barn i barnehagen skal få støtte i å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjent med eigne og andres kjensler (Kunnskapsdepartementet, 2017). Lesing kan kallast for eit humanistisk danningsprosjekt, der lesaren blir istand til å ta andre perspektiv enn sine eigne (Solstad et al., 2018, s. 47). Dette er i tråd med Martha Nussbaums forståing i Litteraturens etikk, der ho hevdar at “[e]t barn som fratas fortellinger, fratas også visse måter å betrakte andre mennesker på” (Nussbaum, 2016, s. 30). Gjennom litteraturen blir barn medvitne om eigne og andres kjensler og opplevingar, og kanskje får dei nettopp i litteraturen for første gong erfare at verda ikkje ser lik ut for alle. I tillegg til å bli i stand til å ta andres perspektiv i det danningsprosjektet lesing kan vere, treng barn også å sjå seg sjølv i litteraturen. Litteraturen kan gjennom sin terapeutiske funksjon gi håp og moglegheit for å bearbeide vanskelege hendingar i livet, og gjennom den refleksive og assosiative funksjonen oppmuntrar litteraturen til å reflektere over eigne erfaringar (Solstad, 2018, s. 40 – 43).
Den norske barnelitteraturen er internasjonalt kjend for å halde svært høg kvalitet, og vi kan utvilsamt seie at han på mange vis er mangfaldig. Det er få tabu i dei norske barnebøkene, og vi møter mange typar hovudpersonar og problemstillingar. Det er stor variasjon i uttrykk, og litteraturen er utprøvande i tematikken (Solstad et al., 2018, s. 44). Det finst faktisk fleire døme på at norsk barnelitteratur er så frilynt at det må tilpassingar til for at han kan bli utgitt på amerikanske forlag. Til dømes måtte både Stian Hole og Iben Sandemose kle på nakne barn i normal livsutfalding for å bli godtekne på den amerikanske barnebokmarknaden, der nakenheit er tabu (Espevik, 2017).
Å kjenne seg annleis
Mange kan finne nokon å kjenne seg att i i dei norske barnebøkene. Å kjenne seg annleis, å ikkje passe inn, er noko som ofte blir tematisert, og denne kjensla er framstilt på eit utal ulike måtar. Henrik Hovland og Torill Kove har gitt ut bøkene om antihelten Johannes Jensen. I den første boka kjenner han seg ganske enkelt annleis. Han kan nok oppfattast som ein person utan særleg drivkraft, men ved hjelp av ein god ven, Dr. Fjeld, kjem han seg gjennom ulike utfordringar i dei fire bøkene.
Marianne Gretteberg Engedal står bak både tekst og illustrasjonar i Pølsetjuven. Her finn vi også ein hovudperson som ikkje passar inn – Kjell er fødd inn i ein familie av tjuvar, men han vil ikkje stele sjølv. Han må ty til drastiske grep for å finne meining i tilværet, og boka får på eitt tidspunkt den vaksne lesaren til å lure på om Kjell skal støytast ut av sin eigen familie, med tydeleg referanse til somme religiøse sekters praksis når nokon vender trua ryggen. Røvarsonen Kjell har, i motsetnad til Johannes Jensen, drivkraft til å både berge seg sjølv og hjelpe andre han møter på vegen mot sjølvrealisering.
Hoggormen Gorm i Camilla Kuhns Gorm er en snill orm er heilt overtydd om at han lever eit annleis og edlare liv enn hoggormar flest. Han et nemleg ikkje mus. I staden arbeider han på eit apotek, og i fritida si hjelper alle som treng det. I Pølsetjuven vender Kjell seg bort frå eit liv som tjuv, og på same måte kan vi seie at heller ikkje Gorm ønsker å vere det han er fødd til. Men medan den svært samvitsfulle tjuven Kjell både dreg på tjuvetokt med familien og angrar etterpå, forstår den vaksne lesaren, og etterkvart også barnelesaren, at den snille hoggormen Gorm snarare undertrykker hoggorm-naturen sin. Kan hende er han ikkje så snill som han sjølv trur?
Norske barnebokforfattarar er ikkje redde for å ta opp alvorlege og eksistensielle tema. I artikkelen “Senmoderne bildebøker i barnehagen” skriv Elisabeth Hovde Johannesen om korleis norske biletbøker er både eksperimenterande og utfordrande: “Flere retter oppmerksomheten mot eksistensielle vilkår og komplekse psykologiske forhold hvor hovedpersonens indre konflikter i møte med vold, død, skilsmisse og ensomhet, åpenbares for leseren.” (Johannesen, 2020, s. 40) Mange kjenner bøkene til Gro Dahle og Svein Nyhus, der mellom anna tema som vald i nære relasjonar (Sinna Mann) og porno (Sesam sesam) blir utforska. I Førstemamma på mars av Gyrid Axe Øvsteng har hovudpersonen ei mor som er alvorleg sjuk. I Annas himmel av Stian Hole må Anna og far hennar handtere tapet av mor til Anna. Barn med vanskelege erfaringar kan finne nokon å kjenne seg att i dersom dei blir introduserte for desse bøkene.
Å kjenne seg heime
I oktober 2020 arrangerte Norsk barnebokinstitutt seminaret “Å kjenne seg hjemme i barne- og ungdomslitteraturen”, der homogeniteten i barnelitteraturen stod på agendaen. Eitt av spørsmåla som vart stilt, var korleis det er å bla opp i barnebøker der ingen liknar deg (Spørsmål om mangfold i barnelitteraturen, 2020). Med dette peikar arrangøren på ein mangel i mangfaldet. I dag er omtrent kvart femte barn under 18 år innvandrar eller norskfødd med innvandrarforeldre. Om lag 1 av 20 bøker som blei gitt ut hos Gyldendal, Aschehoug og Cappelen Damm i 2019 har ein hovudkarakter med tydelig fleirkulturell bakgrunn. Elevar med fleirkulturell bakgrunn i ungdomsskulen er så lite vane med å lese om nokon som liknar seg sjølv at dei oftast skriv om norske hovudpersonar i skriveoppgåver. Og korleis kan ein eigentleg vere hovudperson i sitt eige liv viss ein ikkje kan sjå seg sjølv som potensiell hovudperson i ei lita historie ein skriv på skulen? Spørsmålet er det barnebokforfattar Neha Naveen som stiller (Johansen, 2019).
Nettopp hudfarge og religion kan vere utfordrande å tematisere i barnelitteraturen. Kanskje har vi her med eit av dei siste tabua i barnelitteraturen å gjere (Solstad et al., 2018, s. 72)? Forlagsbransjen har fleire gonger blitt skulda for å vere “blendakvit”, og det gjeld i alle ledd i utgivingsprosessen («Blendahvit» forlagsbransje, 2020). Forfattarar med fleirkulturell bakgrunn er det få av, og når “rotnorske” forfattarar står bak litteratur der hovudpersonen representerer andre kulturar, utløyser det ofte debatt og reaksjonar, som då Sitronlimonaden av Hilde Henriksen kom ut i 2019 (Allawi, 2019). Same type reaksjonar har ein også sett etter barnebokutgivingar både i Sverige og Danmark (Solstad et al., 2018, s. 70 – 72).
Spor av mangfald
Sjølv om den norske barnelitteraturen altså kan seiast å vere både mangfaldig og modig, er det utvilsamt rom for meir diversitet i dei norske barnebøkene. Ein kan etterlyse fleire forfattarar med fleirkulturell bakgrunn og bøker med fleirkulturelle hovudpersonar, men også hovudpersonar med funksjonsnedsettingar og familiekonstellasjonar som ikkje er A4. Heldigvis finst det gode døme som banar veg. Lisa Aisato blir ofte nemnt. Ho har norsk og gambisk bakgrunn og er kjend både som forfattar og illustratør. Persongalleriet hennar er rikt og variert. I boka Mine to oldemødre er den tokulturelle bakgrunnen tema, men arbeidet hennar rommar også eit mangfald som gjerne ikkje blir nemnt med ord.
Forfattaren av bøkene om Lille Ting, Nhu Diep, seier i eit intervju at ho skreiv bøkene for at dotter hennar skulle sjå nokon som likna henne i barnebøkene. Lille Ting er ein tøffing med asiatisk utsjånad, men bakgrunnen hennar er ikkje tema i bøkene, der ho et alt ho kjem over og lærer å telje.
I Samira og skjelettene av Camilla Kuhn heiter hovudpersonen Samira, og ho er mørk i huda. Men heller ikkje her blir det gjort noko nummer ut av kva slags bakgrunn ho har. Sjølv blir Samira merksam på det som finst på innsida av oss, og ho erfarer i boka det makabre i at alle menneske har skjelett og musklar.
Brillebjørn har to mødrer, og i ei av bøkene til Ida Jackson og Jens A. Larsen Aas blir han storebror. Han er dermed ein av nokså få litterære representantar for ein familiekonstellasjon som statistisk sett ikkje er så vanleg. Men heller ikkje i Brillebjørn-bøkene er hovudsaka det uvanlege med familien. Snarare får lesaren innblikk i eit liv dei fleste småbarnsfamiliar, både barn og vaksne, kjenner seg att i.
Og heldigvis finst det meir mangfald å finne for den som vil gå på jakt. Ressursheftet Samtidslitteratur i barnehagen, utgitt av Norsk barnebokinstitutt og Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa, er ein god stad å starte. Her finst det boktips for tema som mangfald og gjensidig respekt, likestilling og likeverd, og livsmeistring og helse. Her finst også tips til samisk litteratur og tilrettelagt litteratur. Barnehagetilsette er litteraturformidlarar som må reflektere over kva for litteratur dei gjer tilgjengeleg og formidlar for barna, og korleis dei snakkar om bøkene. Somme tider er det også naudsynt å sjå på litteraturen ein kjenner frå før, med eit nytt blikk.